Lysefjorden Russian Imperial Stout har ein mørk og kraftig kropp. Er ein bereist kraftkar som har opplevd verda og ber preg av både norsk, engelsk, og russisk nasjonalitet.
Med sine ervervede ferdigheter har ølet sjølv stor begeistring for sin karakter og karisma, og etterlet seg djupe spor og stor begeistring hos dei fleste.
Dette stemningsfulle ølet har evner til prestasjonar for den største scene.
Dette er ein limited edition Stout, brygga i samarbeid med Simon Martin fra Real Ale Craft Beer Channel.
Ølet har vert lagra på Hogeshead eikefat frå Speyside i Skottland, levert av Daracha maltwhiskyspesialisten. På dette fatet har ein lett røykt whisky vert lagra i 10 år, noko som har metta stavane i tønna med særprega og søtlig røyksmak.
Aroma vil vera rista malt med karakter av sjokolade, karamell, kaffe, lakris, brent malt, og røykt whisky frå gamle eikefat.Søte, kraftige øl som Imperial Stout passar utmerka til krydra mat, smaksrike ostar, til søte dessertar, eller som nytelse i seg sjølv. Serverast gjerne ved 8-12 C.
Ingrediensar; Vatn, malt, humle og gjær. Alc. 10 %  Vol 0.5 l. 


Bruk av alkohol kan gi ulike skadevirkninger. Nærmere informasjon finner du her