RØYKT IPA FRA HAAHEIM GARD BRYGGJA AV LYSEFJORDEN. Ein kvar gard med respekt for seg sjølv hadde i gamal tid sine eigne brygg. Dette var løynde oppskrifter som vart overlevert frå generasjon til generasjon. 

Ølbrygging var det sterke tradisjonar for på gardene. Husfolkje som kunne bryggja godt øl vart respektert og halde av. Dei hadde ulike øl for kvardag og fest, sumar og vinter. 

Haaheim Gaard har saman med Lysefjorden Bryggeri bryggja øl som er tilpassa våre lokale smakar og menyar.

Røykt, tørka, salta, steikt, speka, er ein stor del av smaken frå tradisjonar me har tatt med i Haaheim sine rettar. Ølet me har satt saman bygger på desse tradisjonane. 

Røykt IPA frå Haaheim Gaard er komponert med tanke på bakarovnsmanyane frå bakeriet på Haaheim. Den er laga av engelsk og amerikansk humle, malt røykt med bøk, den er så lagra med eikespon frå skotske whiskeyfat. Den reine profilen på ølet, kjem frå amerikansk gjær.

Me gleder oss til å dele ei flaske IPA frå Haaheim med deg. 

Haaheim Gaard Røykt IPA hele etiketten

Bruk av alkohol kan gi ulike skadevirkninger. Nærmere informasjon finner du her