Ein kvar gard med respekt for seg sjølv, hadde i gamal tid sine eigne brygg. Dette var løynde oppskrifter som vart overlevert frå generasjon til generasjon. 

Ølbrygging var det sterke tradisjonar for på gardene. Husfolkje som kunne bryggja godt øl, vart respektert og halde av. Dei hadde ulike øl for kvardag og fest, sumar og vinter.

Haaheim Gaard har saman med Lysefjorden Bryggeri bryggja øl, som er tilpassa våre lokale smakar og menyar. Røykt, tørka, salta, steikt, speka, er ein stor del av smaken frå tradisjonar me har tatt med i Haaheim sine rettar. Ølet me har satt saman bygger på desse tradisjonane.

Blond Ale frå Haaheim Gaard, er eit lyst øl med litt sitrus. Det er bryggja med pilsnermalt, kveitemalt og cascade homle. Kveiten og malten gjer ølet eit hint av sitrus.

Denne passer godt i hagen ein solskindag, fin til supper og fisk. 

Haaheim Gaard Blond Ale Etikett

Bruk av alkohol kan gi ulike skadevirkninger. Nærmere informasjon finner du her