07. januar 2016 //

Bryggar Rune Birkeland ville i si tid ha godt øl til maten. Det fann han ikkje og begynte derfor å lage øl sjølv.

Lysefjorden Mikrobryggeri sin ideologi er at god mat krev god drikke. Me samarbeider med aktørar som deler same ideologien innan matproduksjon, kokke- og hotellbransjen.

Lysefjorden har saman med Chef 's Dinner Norge, Haaheim Gard og Mat med hjerte nytta desse verdiane, og vil levere måltider og opplevingar med det beste frå Vestlandet. Røykt,tørka, speka, salta og steikt i mattradisjonar, kombinerast med bittert, humla og korn i øltradisjonar. Her finn ein eit tradisjonsbasert tilbehøyr, til ei kvar anledning.

Chefs Dinner Norge

Ei smaks- og drikkereise gjennom Vestlandet, krydra med humor og underhaldning frå kokkar og handtverksprodusentar.

Gunnar Nagell Dahl (Matattaché hos Fylkesmannen i Hordaland), Torstein Hatlevik (Haaheim Gard), Nils- Henning Nesje (Mat med hjerte), Preben Moen (Gloppen Hotell), Ingeborg Grønningsæter Valde (kokk Storfjord Hotell).

Haaheim Gard

Smakar frå ei tid ein ikkje visste fantes

Husfar Torstein Hatlevik

Mat med hjerte

Det handler om å lage mat fra grunnen av, dele din kunnskap med andre, bruke lokale og ureiste råvarer av høy kvalitet. Vi deler råvarens historie og identitet med stolthet. Vi setter vårt samarbeid med produsentene særs høyt , og det inspirerer oss til å gi deg en matopplevelse krydra med glede.

Nils Henning Nesje (Mat med hjerte).


Bruk av alkohol kan gi ulike skadevirkninger. Nærmere informasjon finner du her