07. januar 2016 //

Lysefjorden Mikrobryggeri brygger lokalt handtverksøl med klar identitet frå Lysefjorden i Hordaland. Tradisjonelle oppskrifter blir brukt med personleg vri, der trend og tradisjon får samspele.

Bryggeriet dedikerer seg til kulinariske opplevingar utanom det vanlege og garanterer at du vil finna eit øl som passar dine rettar enten som tilbehøyr eller ingrediens. Bryggeren brygger for hand, slik det blei gjort frå gamalt av, og bruker ofte kortreiste, handplukka ingrediensar. Frå eit distrikt med lange bryggetradisjoner, og med ingrediensar tatt frå fjordar og fjell, ønsker vi å bære fram øl i Hordaland.

Lidenskapen og stemninga er til å ta og føle på når ølet bryggast. Det er med berre eitt mål for auget - å bruke all kunnskap og erfaring til å ferdigstille øl med ønska verdiar. Kun det beste er godt nok. Det er i bryggeriet og i møte med kundane me finn gløden til å lage Kvalitetsøl. Metodar og prosess er med på å gje ølet den utsøkte kvalitet og smak bryggeriet har forplikta seg til å levere. Med inspirasjon frå dei amerikanske bryggeria, og oppskrifter gjennom norske tradisjonar, kan vi levere øl vi er stolte av.

Kortreist øl og mat er ein del av handtverksfaget. Med riktig innstilling, dedikasjon og høge krav til seg sjølve, kan ein bidra til eit kunsthandtverk. Me i bryggeriet kjenner ølas personlegdom, identitet og karakteristikkar. I eldre tider hadde kvar gard med respekt for seg sjølv eigne brygg. Dette var løynde oppskrifter som vart overlevert frå generasjon til generasjon. Husfolkjet som kunne brygga godt øl vart respektert og halde av. Som husfolkjes og gardanes tradisjon har også vi ulike øl for kvardag og fest. Saman kan me oppleva ei usnobbete - eller snobbete om du vil - forbrødring som skapar minner og relasjonar, og fungerar som brubygging mellom mennesker. Slik har da vore i alle mannsaldrar, uansett klesskikk, sjikt, matskikk, samanheng eller konneksjon. Til alle tider har me hatt tradisjonar me har sete pris på og som gjer oss tilhøyrsle, tross kva kvardag me står i.

Øl er ein del av tradisjonsarven i Noreg.


Bruk av alkohol kan gi ulike skadevirkninger. Nærmere informasjon finner du her