07. januar 2016 //

Historia starta i 2005, berre eit steinkast frå sjøen i i Lysefjorden, Hordaland, på kjøkkenbenken til bryggar Rune Birkeland.

Etter mange gode tilbakemeldingar blei det danna eit eige bryggelag,beståande av tre søskenpar . Kjøkkenbenken blei bytta ut med ei bod som blei laga for å teste, brygge og vidareutvikle oppskriftar. Sidan då har det vert ei glødande interesse for øloppskriftar og øltesting.

Bryggeriet blei fort for lite, men det var ingen veg tilbake.

Med hammar, lidenskap og ein god dose pågangsmot blei i 2013 heimebryggutstyret bytta ut med større produksjonsutstyr og bryggerilokale. Produksjon av lokalt kvalitetsøl kunne starte for alvor. Bryggeridraumen blei ein realitet.

Sidan har Lysefjorden Mikrobryggeri ekspandert i takt med bryggeriets dugnadsånd og den overveldande responsen i marknaden.

 

Første batch og flaske i sal var Lysefjorden sin Pale Ale på Buena, den lokale landhandelen i Lysefjorden, 1. september 2014.

Produksjonskapasiteten auka frå 600 liter per måned i september 2014, til 10.000 liter hausten 2015. Produksjonen er planlagt å auke ytterligare til 20.000 liter i måneden iløpet av vår 2016.

Etter 20 år som snekker bytta Rune Birkeland i 1. august 2015 ut verktøykassen med bryggesleiv. Han jobbar no fast i bryggeriet saman med sals- og marknadsansvarleg Camilla Brekke Dalland. Dei andre involverte jobbar endå på dugnad.

Det er mykje prestisje i å levere godt øl!
Nettopp derfor skal me ikkje industrialiserast
-Bryggemester Rune Birkeland


Bruk av alkohol kan gi ulike skadevirkninger. Nærmere informasjon finner du her