14. januar 2016 //

Ølsmaking i bryggeriet


Munnen til en fullkomment lykkelig mann er fylt med øl…

Ei samling rundt ølbordet er spesielt tilrettelagt for gjestane. Her vil det bli servert alle våre øl, men i tillegg øl som kun serverast i bryggeriet. 

Her er det mogleg å smaka på øl under produksjon og få forklart prosessen øla er i. Det vil òg vere moglegheiter for å tappe eigne øl på flasker som ein kan ta med seg heim, for så å komme tilbake for påfyll.

I bryggeriet har vi eit stort fokus på øl og mat i kombinasjon. Her kan ein spørje om øltypar, og kva ein kan kombinere desse med heime på eige kjøkken. Å matche mat og øl på ein smakfull måte er viktig og vil utan tvil gje nye opplevingar, både av maten og ølet. Ambisjonen til oss i bryggeriet er å vere mest mogleg tilstades for at kunden skal kunne utvikle eigne smakshorisontar.

Desse ølborda passar for private arrangement så vel som for bedrifter. 

Ølkurs

Dei siste åra har interessa for øl auka betydeleg. Øl er ein tradisjonsdrikk her i Noreg og mange vil sei at ein no opplever ein ølrevolusjon i Noreg. Nye ølsortar aukar i mangfold og med dette aukar vår kunnskap, interesse, smak og iver etter å lære meir. Mange omtaler øl som den nye vinen. Ein ny måte å tenkje øl opnar seg innan øl- og matverda. I bryggeriet kan ein lære ulike metodar og ingrediensar til bruk i både brygging og matlaging. 

Bryggar Rune Birkeland og bistår gjennom bryggeprosessen. Assisterande bryggar Joachim Dalland,- sjølutnemnd ølentusiast og komponist innan mat og drikke, vil òg bistå. Dei vil saman gjere rede for ein heil del rundt øl og dei forskjellige prosessane frå innkjøp til ferdig øl servert i glas.  Dei vil mellom anna berøra emner som:

  • Kva er øl, kva består øl av, kva slags prosesser skjer under brygging. 
  • Historie og brygge-perspektiver
  • Kva gir smak i øl og korleis fungerer dei ulike råvarene
  • Kva skil dei ulike øltypane
  • Grunnprinsipper for lagring og servering.

Her er det også moglegheiter for å følge bryggjeprosessen, men dette må ein forhøyra seg om ved bestilling.
Me kjem tilbake med meir informasjon vedrørande dette tidleg våren 2016.

Adresse

Bryggeriet er i Arna industrihus som ligg i Ytre Arna. Adressa er Fabrikkvegen 1, 5265 Ytre Arna.


Bruk av alkohol kan gi ulike skadevirkninger. Nærmere informasjon finner du her