Ølet frå Lysefjorden Mikrobryggeri er eit handtverksøl med klar identitet frå Lysefjorden. Tradisjonelle oppskrifter blir brukt med personleg vri, der trend og tradisjon får samspele. Det er i bryggjeret og i møte med kundane me finn hengivenhet til å lage edelt kvalitetsøl. Her bryggjast det for hand, som det blei gjort frå gamalt av.

 

Brygging

Besøk bryggeriet

Ølsmaking i bryggeriet Munnen til en fullkomment lykkelig mann er fylt med øl… Ei samling rundt ølbordet er spesielt tilrettelagt for gjestane. Her vil det bli servert alle våre øl, men i tillegg øl som kun serverast i bryggeriet. 

Bilde av øltapping

Dette skjedde i 2015

2015 var eit spanande år for Lysefjorden Mirkrobryggeri. Me kom inn i butikkar på Vestlandet, vart nominert til årets tradisjonsøl i Det Norske Måltid, Årets Øl og plukka pors over alt.

Øl i fast sortiment og kommande øl

Lysefjorden Mikrobryggeri si portefølje er aukande. Vår ustoppelege søken etter smakar, ingrediensar og kvalitet vil resultere i sesongbaserte og eksperimentelle brygg i framtida, både til kvardags og til fest.Lysefjorden sine øl i er i utsal på dei fleste daglegvarekjedar, ølutsal, vinmonopol og på HoReCa- marknaden i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Samarbeidspartnarar

Bryggar Rune Birkeland ville i si tid ha godt øl til maten. Det fann han ikkje og begynte derfor å lage øl sjølv. Lysefjorden Mikrobryggeri sin ideologi er at god mat krev god drikke. Me samarbeider med aktørar som deler same ideologien innan matproduksjon, kokke- og hotellbransjen.

Konsept

Lysefjorden Mikrobryggeri brygger lokalt handtverksøl med klar identitet frå Lysefjorden i Hordaland. Tradisjonelle oppskrifter blir brukt med personleg vri, der trend og tradisjon får samspele.

Sider

Bruk av alkohol kan gi ulike skadevirkninger. Nærmere informasjon finner du her