Stolt finalist i Det norske måltid 2015 og 2016!

Handtverksøl


Lysefjorden Mikrobryggeri brygger lokalt handtverksøl med klar identitet frå Lysefjorden i Hordaland.
Tradisjonelle oppskrifter blir brukt med personleg vri, der trend og tradisjon får samspele.
Bryggeriet dedikerer seg til kulinariske opplevingar utanom det vanlege og garanterer at du vil finna eit øl som passar dine rettar enten som tilbehøyr eller ingrediens.
Bryggeren brygger for hand, slik det blei gjort frå gamalt av, og bruker ofte kortreiste, handplukka ingrediensar.

 

Kvalitet kjem ikkje av seg sjøl


Lysefjorden Mikrobryggeri si portefølje er aukande. Vår ustoppelege søken etter smakar, ingrediensar og kvalitet vil resultere i sesongbaserte og eksperimentelle brygg i framtida, både til kvardags og til fest.
Lysefjorden sine øl i er i utsal på dei fleste daglegvarekjedar, ølutsal, vinmonopol og på HoReCa- marknaden i Hordaland og Sogn og Fjordane.
Me kan glede våre ølkjennarar og ølsmakarar med at Lysefjorden vil med ytterlegare distribusjon auke tilgjengelegheita i marknaden.

Vårt Ølsortiment

 
Bruk av alkohol kan gi ulike skadevirkninger. Nærmere informasjon finner du her